Gudsteneste

18.07.2014

Gudsteneste

Gudstenesta kvar sundag er sentrum i Arna kyrkjelyd. Her kan vi kome slik vi er, og møte Gud og kvarandre. Her blir nye lagt til kyrkjelyden gjennom dåpen. Gjennom song, forkynning, bøn og nattverd blir vi styrka i trua, vona og kjærleiken. Vi ønskjer at gudstenesta skal gi oss mot og styrke for utfordringane i kvardagen.

 

I Arna kyrkjelyd har vi fleire typar gudstenester: Dei vanlege gudstenestene (hovudgudstenestene) er sjølve pulsslaget i kyrkjelyden. Dei fylgjer kyrkjeåret. Kva sundagen og gudstenesta handlar om, får du eit inntrykk av når du tar ein titt på visualiseringskroken i våpenhuset. Somme gudstenester er på ein særleg måte lagde til rette  for born.4 gudstenester om hausten og 4 om våren, blir feira som temagudsteneste – vanlegvis i ramma av ein temaserie. Temagudstenestene tar ikkje utgangspunkt i kyrkjeåret, og songutvalet spelar på fleire strenger musikalsk enn i vanlege gudstenester – bådet musikalsk og tekstleg. Det er sundagsskule under gudstenesta annan kvar sundag (ikkje i ferien).

Av og til er det også ulike typar gudstenester på kveldstid i Arna kyrkje: Ungdomsgudstenester, lysmesse, Tomasmesse. 2 påskedag er det gudsteneste på Betania bedehus, Lone; Skjærtorsdag og  Olsok er det gudsteneste i Takvam kapell. 2 pinsedag er det f riluftsgudsteneste på Gullfjellet, ved Redningshytta.

Gudstenestegrupper
I Arna kyrkjelyd er det 6 gudstenestegrupper som er med både å planleggja og gjennomføra gudstenestene. Målet med dette er å styrke kyrkjelyden si oppleving av at det er den som feirar gudsteneste, og ikkje berre er passive mottakarar av noko som prest og kantor har stelt i stand. Det er vår von at Arna kyrkjelyd skal kunne stå fram med eit gudstenestetilbod der du som kjem til kyrkja, kan finne noko som blir verdfullt for deg, slik at desse samlingane kan bli til velsigning både for deg og fellesskapet. Sei frå om du har tankar og ønskje for gudstenestene!

Gudstenesteliste
Ved å klikka her kjem du inn på gudstenestelista for Arna kyrkje og Ytre Arna kyrkje