Sakkeus open barnehage

10.10.2017

Sakkeus open barnehage

Open barnehage i kyrkjelydshuset kvar mandag!

Sakkeus open barnehage føl skulen sine feriar og fridagar.

Høstferie 8.-10. oktober
Førjulskos 17. desember
Oppstart etter nyttår 8. januar


Open barnehage er ein triveleg møtestad for alle som er heime med småbarn: foreldre, besteforeldre,
dagmammaer og andre som passar barn.

Mellom kl. 9 og 15 kan ein komme og gå som det passar.

Leikekrok for dei minste, og aktivitetar som duplo, togbane, kjøkkenkrok med meir for dei litt større.

Kl. 11 er det felles sangstund, deretter føremiddagsmat med medbrakt matpakke.
Vi serverer saft, te og kaffi.

Open barnehage er gratis å benytte, og det er ingen påmelding.
Følg oss gjerne på facebook: Sakkeus open barnehage.
Der legg vi ut aktivitetsplan for kommande månad.