Livsnære grupper

16.08.2013

Livsnære grupper

Livsnære grupper er "små fellesskap i den store fellesskapen".  Somme kallar det cellegrupper, andre kallar det husfellesskap, atter andre kallar det bibelgrupper. Uansett namn: Gruppene i Arna kyrkjelyd har som program at gruppene skal ha ein ledig stol, og at dei skal vera "livsnære".

Gruppene består av 8-10 personar, og fungerer som ei samtale / bibelgruppe med stor vekt på trivsel og sosialt samver.
Gruppene møtest i private heimar omlag annakvar veke.
Ein gong i året er det ei fellessamling for alle gruppene.
Ta kontakt med soknepresten dersom du ynskjer å vere med i ei slik gruppe!

 

 

Kva er livsnære grupper?

Dei livsnære gruppene samlast regelmessig i private heimar - enten i same heimen kvar gong, eller hjå (somme av) gruppemedlemane etter tur.

 

Livssnære grupper er forpliktande.  Medlemane prioriterer samlingane høgt. Sjølvsagt er det mogeleg å slutta i ei livsnær gruppe, men så lenge ein er med, er ein med. Gruppa bør ikkje møtaest sjeldnare ennn kvar 14. dag.

 

Livsnære grupper har 2 brennpunkt: Bibelen og livet. Vi snakkar saman om livet og kvardagen med Bibelen på bordet. I møte med bibelteksten er spørsmålet: På kva måte angår dette meg? På kva måte hjelper denne bibelteksten meg å leva i veka som ligg framføre?

 

Livsnære grupper er vekstgrupper. Gruppa har ein “ledig stol”, og det er mogeleg å invitera inn nye medlemar. Dersom gruppa vert for stor, kan ho delast ved at somme av medlemane dannar ei ny gruppe.

 

Livsnære grupper står i samanheng med gudstenesta. Det inneber at det normalt er samanheng mellom det ein har føre seg i gruppene og det gudstenesta sundagen før eller etter handlar om. Dessutan skal gruppene kunna få oppgåver i gudstenesta. Ofte stiller ei gruppe ved døra med ein enkel kyrkjekaffi. Somme tider kan dei òg ha andre oppgåver.

 

I livsnære grupper skal medlemane få tena kvarandre "kvar med den nådegåve han har fått" (1 Pet 4,10). 

 

 

Korleis føregår ei samling i ei livsnær gruppe?

Eit samling i ei livsnær gruppe kan føregå på fleire måtar, men fylgjande element vil normalt vera med:

  • Sosialt fellesskap over eit enkelt måltid mat (ca 30 min?).
  • Tilbeding, lovsong og takk til Gud (15 min?).
  • Fokus på Guds ord. Målet er ikkje berre auka kunnskap, men vekst og utvikling. Deltakarane skal hjelpa kvarandre til å veksa som Jesu læresveinar (45 min?).
  • Bøn for og med kvarandre. Her fokuserer vi på livet og kvardagen, det som tyngjer og det som gleder oss, eller på tema vi var inne på i samtalen (30 min?).
  • Fokus på ting utanfor gruppa. Det er også eit mål med dei livsnære gruppene at den enkelte skal utvikla seg når det gjeld å nå ut til andre. Difor bruker vi òg tid på å snakka om, førebu eller be for aktiviteter utanfor gruppa: Kva skal vi bidra med på gudstenesta, korleis etablera kontakt med andre og invitera dei til fellesskap .......?