Diakonalt arbeid i Arna kyrkjelyd

20.08.2013

Diakonalt arbeid i Arna kyrkjelyd

Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste.
Den er evangeliet i handling; uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferdighet.

I Arna kyrkjelyd vil vi arbeide for gode møteplassar og fellesskap der folk kan treffast og trivast utan krav til prestasjon.



Det diakonale arbeidet er i hovudsak drive av frivillige medarbeidarar.
Nokre av tiltaka våre er samarbeidsprosjekt med blant anna Røde Kors, Arna kvinne- og familielag og Bergen kommune.