Omsorgsprisen til Hjartebanken

22.02.2017

Omsorgsprisen til Hjartebanken

22. januar vart Hjartebanken i Arna kyrkjelyd tildelt Omsorgsprisen. Saman med Slettebakken menighets eldresenter fekk Hjartebanken 2. prisen.

Omsorgsprisen vart oppretta i 2001 av GC Rieber Fondene for å framheva den eineståande innsatsen mange gjer for at sårbare gamle og andre skal ha eit godt liv i deira siste levetid. Hjartebanken vart nominert til prisen av Arna helseheim, på bakgrunn av eit korps frivillige som stiller opp som "medvandrarar" for dei som bur på helseheimen. Utdelinga fann stad under ei festforestilling på Den Nationale Scene.