Hjartebanken

13.09.2013

Hjartebanken

Banken der du kan ta ut kapital som du ikkje har sett inn.

Hjartebanken ynskjer å

  • vera ein «bank» der det er mogeleg å ta ut kapital som du sjølv ikkje har sett inn.
  • kopla dei som har bruk for praktisk hjelp med dei som kan tilby hjelp
  • la oss  erfara at vi har bruk for kvarandre, og at vi må bli flinkare til å be om hjelp
  • byggja gode relasjonar mellom menneske
  • spreia Guds kjærleik på alle område i livet

 

Vi ber folk melda seg som har bruk for

hjelp til småreparasjonar i heimen  - nokon å snakka med – turven - hjelp til kake- og lefsebaking - leksehjelp for framandspråklege - norskundervisning -  klippa hekken  - raka lauv . . .

 

Vi ber folk melda seg som kan tilby

hjelp til småreparasjonar i heimen - nokon å snakka med - å vera turven . . .  (berre fantasien set grenser)

 

Ta - i begge tilfelle - kontakt med Kjartan Hollekve tlf. 456 63 378