Dåpsregistrering

Velkomen til dåp i Arna kyrkje

11.09.2013

I Den norske kyrkja vert dei fleste døypte som spedbarn, ofte i løpet av dei første tre månadene, men det er inga aldersgrense for dåp. Dei døypte vert automatisk medlemmer i det kyrkjesamfunnet der dei vert døypte. Samstundes vert dei del av ein større fellesskap med alle døypte – den universelle kyrkja. I Arna kyrkje finn dåpen stad heilt i starten av gudstenesta.

Ta kontakt med kyrkjetorget for å avtala tidspunkt for dåp, telefon: 55 59 32 10, kl 09-14. Opplysningane kan òg registrerast på nettet. Klikk på «Ny registrering» nedanfor. Elektronisk forespørsel om dåp fungerer fint ved bruk av PC, mens vi fortsatt har problemer med å få det til å fungere tilfredsstillende på nettbrett og mobil.

Annan kvar torsdag, kl 18-19, arrangerer vi felles dåpssamtale for dei som skal ha dåp dei komande sundagane. Då går vi gjennom det som skjer i kyrkja under dåpen, kva det inneber å bli døypt, ansvaret foreldra og fadrane tar på seg og kva tilbod som kyrkjelyden har for dei minste. Dåpssamtalen er for foreldre og faddre.