Bli med og syng i prosjektkor
I 2015 fyller Arna kyrkje 150 år, og vi skal ha ei rekkje konsertar og arrangement i dette jubileet.

For to av arrangmenta, søkjer vi folk i Arna og omegn som har lyst å synge, både songarar som er tilslutta kor eller som ikkje har noko fast tilknytning.
Nedanfor finn du ei beskriving av dei to prosjekta.

Laurdag 29. august: Kl. 12.00 - 16.00

Laurdag 19. september: kl. 12.00 - 16.00

Laurdag 17. oktober: kl. 12.00 - 16.00 (kun mannskor)

Laurdag 24. oktober: Kl. 12.00 - 16.00


Laurdag 28. november: kl. 12.00 - kl. seinast 17.30 (generalprøve ca. kl. 16.00)
Sundag 29. november: kl. 14.00 - kl. 17.00 (inkl prøve)

Konsert: sundag 29. november kl. 19.00

Alle øvingar blir i Arna kyrkjelydshus eller i Arna kyrkje.

I mellom fellesøvingar vert det ikkje lagt opp til organiserte øvingar. Dei som ynskjer det, kan få med seg ein øve-cd heim og øve med denne.

Påmelding til prosjektet er no avslutta. Vi har no litt over 80 påmelde, så dette blir eit flott kor!


Louis Vierne: Messe Solennelle (konsert 29. november)

For ein god del, er ordet "Messe" synonymt med gudsteneste. Sjølv om "å gå til messe" for det meste har falle ut av dagligtalen, brukar ein til ein viss grad ordet messe fortsatt i Noreg. Blant anna vert gudsteneste med nattverd i Arna kyrkje omtala som "høgmesse".

I ei gudsteneste, eller messe, er det ei rekkje ledd, som mellom anna salmar, truvedkjenning og preik. Nokre av desse ledda, for eksempel salmane, varierer. Salmane er ofte valgte ut frå kva dag i kyrkjeåret ein har og kva tema akkurat den salmen, f.eks. salme før preika, skal handla om.
For dei enkelte gudstenestetypane er det nokre ledd som ikkje varierer - tekstane er dei same. For ei høgmesse i den norske kyrkja, gjeld dette ledda kyrie/bønerop, gloria/lovsong og under nattverd sanctus/heilag, heilag, heilag og agnus dei/du guds lam.

Og det er her "Messe Solennelle" hadde si funksjon. Louis Vierne (1870 - 1937) skreiv dette verket til bruk i gudstenesta i den katolske kyrkja St. Sulpice då han var assistent der. Verket blei skriven for dei to orgla i kyrkja og koret som song i kyrkja kvar sundag - kyrkjelyden deltok ikkje i songen på dei faste ledda. Dei song kun på nokre salmar. Fortsatt er det slik ein del plassar, at kyrkjelyden - i motsetning til dei fleste kyrkjer i Noreg - ikkje syng med på dei faste ledda.

I Arna vil vi gjere verket som ein konsert. Det blir andre innslag i konserten enn dette verket, men "Messe Solenelle" vil vere hovudfokus. Vi leiger inn eit kororgel som saman med orgelet i Arna kyrkje vil akkompagnere koret.